Fiskereglar

Fiskereglar for Slidrefjorden og den del av Strandefjorden som ligg i Vestre Slidre:

1. Fiske for innanbygdsbuande, ikkje grunneigarar, er mot innløysing av fiskekort (kr. 300,-) tillate med fylgjande reiskap i tidsrommet:

A: Stong eller handsnøre i tida 1/6 t.o.m. 31/8

B: Oter i tida 1/6 t.o.m. 15/8

2. Fiske for utanbygdsbuande er mot innløysing av fiskekort tillate med fylgjande reiskap i tidsrommet:

A: Stong og handsnøre frå 1/1 og til isen går – isfiske

B: Stong og handsnøre frå 1/6 t.o.m. 31/8

C: I Strandefjorden (som ligg i Vestre Slidre) kan fiske starte 1/5.

3. Haustfiske etter sik er tillate etter avtale med grunneigar
4. Isunglar, line m.v. vert betrakta som fast reiskap
5. Ved fiske frå innmark må det på førehand innhentast løyve frå grunneigar
6. Prisar fiskekort for sesongen:

Døgnkort kr. 70,-

Vekekort kr. 300,-

Sesongkort kr. 700,-

Dei som kjøper sesongkort kan få kjøpt eit ekstra sesongkort til ein familiemedlem for kr. 350,- Barn u/16 år kan fiske gratis, vaksne i fylgje med desse må ha eige fiskekort. Fiskeoppsyn er tilsett for å kontrollere fiskekort og at gjeldande reglar vert fylgde.

Ulovleg fiske medfører tilleggsavgift kr. 1.000 i tillegg til ordinært døgnkort. Det kan vidare medføre beslag av fiskeutstyr og bli meldt til politiet.

Reglane er vedteke på årsmøte den 8. mai 2011

Fiskereglar for Ferisfjorden (Pjåten)

Fisket er ope på austsida av Ferisfjorden frå 1. april til 30. september. Fiskekort løyser du i sjølvbetent kasse plassert på parkeringsplassen. Elles gjeld fiskereglane som for Slidrefjorden så langt dei passar.

Fiskereglar for Førsøddin – Ryfoss

Her er det eige fiskekortordning. Fiske er tillate med stong frå 15.04 til 20.08. Fiske med stong frå båt er tillate sør for Riste Bru og ned til Førsoddin. Frå Riste Bru til Ryfoss er fiske kun tillate frå oppmerka fiskeplassar.